HEIM MUSIKK FOTO PRESSE BOOKING LENKER

 

Eit lite overblikk... (Aage Vaksdal intervjuar seg sjølv).

 

-Gratulasjonar er på sin plass...

-Aftenlandet juibilerer som 10-åring. Det heile byrja med ein forsikringsagent som hadde fått nok av kontorlivet. Han bytta ut sportsbilen med ein solid stålstrenga gitar, og satt seg ned med Jakob Sande si diktsamling, i Brasil, av alle stader. På den tida må vi vel kunne seia at Sven Erik var den skarpaste Sande-tolkaren i Brasil.

 

-Don't say yes, but please don't say no (James Taylor)

Aage let seg lokka med raudvin og cognac, og laga ein liten duo med dette stoffet. Du treng ikkje vera hjernekirurg for å skjøna at ein vokalist hadde gjort seg i denne settinga. Trekkspel og gitar er berre sexy så lenge. Noko måtte gjerast. Sven Erik hanka inn fleire musikarar til eit demo-prosjekt i salige Sigma Studio i Sandviken. Mats Grønner ville gjerne vera med, og Halvor kjente ei jente han spelte med i Stavanger. Tor Bjarne var hipp trommis i Baba Nation, noko han ikkje snakkar så mykje om lenger. Geir Luedy spelte saman med Mats i Unge Frustrerte Menn, og kjente Sven Erik gjennom det brasilianske miljøet i Bergen. Han produserte ein demo for oss. Jubelen stod i taket, når Knirkelig kultuverksted var over seg over demoen vår. Dette skulle ut på plate, og det var ikkje måte på stas. I seinare tid har vi lært oss å ikkje ta eit ja for eit ja i musikkbransjen...

 

-Signed, sealed, delivered, I'm yours (ikkje James Taylor)

Det var Major Studio som til slutt signerte platekontrakt med oss. Det var ei spennande tid for " to enkle einarar  frå landsbygda" (jfr. Sven Erik) å verta signerte i Oslo. Resten av bandet får snakka for seg sjølve. :) Aage og Sven Erik reiste til Oslo for å få godkjenning av Jakob Sande si dotter, Siri. Etter å ha sluppe gjennom alskens hobbyband og trubadurar med Sande-prosjekt, var ho naturleg nok skeptisk. Men det løyste seg, og Vaksdal-gutane feira i baren på SAS-hotellet, til ei rekning som truleg overstig det vi har tent på platesal i Aftenlandet... Og, nei, vi er ikkje syskenborn, brødre eller sambuarar :) Vi er i slekt litt ute i peiferien.

 

-Oh, what's in a name? (Var det Shakespeare?)

Vaksdalgutane gjekk i klasse med kona til Odd Nerdrum. Slik starta Sven Erik å selja Nerdrum-bilete, og favorittbiletet hans var eit måleri som heitte, nettopp, "Aftenlandet". Hence the name... Assosiasjonane kan vel fort gå meir mot Uranienborg og Aftenposten, men vi eit eit nynorsk band på vår hals, når det gjeld lyrikken. Knut Faldbakken sin roman var kan henda inspirasjon for Nerdrum i sin tur? Har også lese ei keisam utgreiing om at Aftenlandet er eit tysk kultur-omgrep. (Abendland)  At det skal vera ein metafor for den vestlege verda, i motsetnad til Austen, som har "morgonlandet" som sin metafor.  Det finst òg eit dansk orkester som kallar seg Aftenlandet. Og det er laga ein tysk film som heiter Aftenlandet. Nei, ikkje ein sånn tysk film som du tenkjer på, Sven Erik.

 

-Ryktene om min død er sterkt overdrevet (Mark Twain)

Trass i at Jan Eggum har lagt ned Aftenlandet, (jfr. det vanlegvis så etterettelege musikkleksikonet hans) er Aftenlandet ved god helse til liks med musikarane :) Vi ser framføre oss eit travelt år, så travelt som Aftenlandet kan bli. For vi er ein gjeng med mange jarn i elden.

 

-Kvinno-dødaren

Mats har i lang, lang tid drive 3 kvinner langt forbi randen av samanbrot, med sitt faste engasjement som kapellmeister for kabaret-suksessen "Kvinner på randen". Vi må nok innsjå at "Grønneren" er ein av dei hottaste leige-gitaristane i landet, og må nok finna oss i å dela han med mange andre rundt om.

 

Folgerø leverer greiene-

Halvor syner sitt blide åsyn over oss dagleg, som programleiar for NRK  Vestlandsrevyen, og kjenner vi han rett, har han hendene fulle med å skriva avbestillingsverket "Flesk" til Vossajazz 2006 saman med "dei hine", svikarane i Radio Røynda-orkesteret Finn-Erix. For å finna fleire orsakingar til å vri seg unna spelejobbar med Aftenlandet, skreiv han like godt ein roman, "Tyl",  saman med journalist-kollegaen sin, Finn Tokvam. Underteikna må føya til at han kjenner seg grovt feilsitert i romanen, og legg opp til eit søksmål som vil resultera i det største bokbålet i moderne tid. :)

 

-Bjelland med småsild i boks (Alt.: -Tor Bjarne leverer greiene òg...)

Akkurat når med trudde at me skulle få ein bit av småbarnsforelderet (!!!) Noregs eldste fjortis, Tor Bjarne, så for han att. Han hoppa av internasjonal turnering med Robert Post, for å vera nærare kone og barn, men så kjem prinsesse Marion (Ravn) og snappar han til seg. Dei skal visstnok turnera innaskjers, så me vonar i det lengste at han har litt tid til oss. :) 

 

-Trekkspill is the new loud

Trufaste underteikna, Aage, har òg svin på skogen. Han lever eit omflakkande liv som ungkar og spelemann med skodespelaren Jon Eikemo. Det er om lag 10 år sidan han avslutta suksessforestillinga "Jacob Sande & Jon Eikemo, trur eg...".  I år er det hundre år sidan Jakob Sande vart fødd, noko som har ført til at framsyninga er sett opp at, med landsdekkande turnering. Det kulminerer med gjenopssetting på Det Norske Teateret i Oslo i haust, der framsyninga i si tid starta. Aftenlandet debuterte med Jakob Sande-tekstar, og vi merkar at det er Sande-år i år, her òg.

 

-E' det hon der søsteren til Rita Eriksen?

Astrid er førskulepedagog med utdanning i musikk og drama, men lever til tross for det eit heller udramatisk småbarnsforeldreliv  liv i oljebyen, og arbeider full tid som musikar for tida. Mellom dei andre borna har ho ein annan kjær unge, bandet ho har saman med fiolinisten Stig Roar Wigestrand, og pianisten Atle Hundsnes. Ho røper at draumen er å laga ei plate med Kenneth Sivertsen-stoff, saman med stavanger-kollegaene sine, men tør ikkje å lova nokon ting om den saka akkurat no. Ho utfører fingerbrekkande øvingar etter Lillebjørns gitarbok for tida. Vær snill å lata Tom Dooley henga i fred, hmm?

 

-Ikkje sei at Aftenlandet liknar på Vamp, vær så snill

"Visekongen af Vaksdal", Sven Erik, står i denne augneblinken og pakkar kofferten til Argentina-reisa. (Les: tannbøste og platina-kort.) Ikkje han heller blir rik på Aftenlandet-turnering, og spring mellom bygårdane sine, og riv seg i (det tynne) håret over snikkarar og rørleggarar med professor-inntekter, og leigebuarar med låg betalingsevne (host...). Dei seier det er når du har det travlet du får ting unna. Sven Erik har alt nok stoff til ei ny ny plate. Og ettersom ryktet går, har plateselskapet stilt seg positiv til enno ei plate, så livet leikar. Sven Erik skriv òg musikk for ex Vamp-vokalist Jan Toft.

 

 -Sweet home, Aftenlandet, I keep coming home to you...

Slik går nu dagan i Aftenlandet-verda. Trass i at vi lever med prosjekt på si, kjem vi alltid heim til deg, kjære Aftenlandet. Vi innser at det er ein grunn til at vi har holdt saman i 10 år no, i tjukt og i tunt, mest tunt, då.  Vi gler oss til konsertane som står framføre oss, og gler oss til å ta fatt på ei eventuell ny plate. Vi reflekterer over, som gamle menn ofte gjer, at vi har holdt på lenge. Det er ei von om at dette skal koma til uttrykk på komande prosjekt, og gløymer ikkje å takka alle dei trufaste lydarane våre, som gjev oss grunn til å halda på med dette :) Vi konkluderer med at Aftenlandet er ein trassig liten 10-åring, som på ingen måte sluttar å sloss for viljen sin.

 

Ser deg på neste konsert! 

-Aage-

 

Litt saksing om kva andre har sagt om platene våre.

 

 

  • Aftenlandet - Aftenlandet Forheksende vakkert.

Terningkast 6
-Drammens Tidende
  • Noko av det mest gledelige på den norske platemarknaden siste tiåret, minst!

-Avisa Hordaland

  • Morgon I mai - Vakre melodier til vakre dikt

- Varden

  • Min ville vind - Aftenlandets beste - terning 5

- Fredrikstad blad

  • Vakkert fra Aftenlandet

- terning 5

- Fredrikstad blad

  • Nydelig visepop!

terning 5

- Hamar Dagblad

  • Det beste fra Aftenlandet: Det er ikke til å undres over at Aftenlandet har vært favoritt på NRK radio

Terning 5

- BA

  • Nydelig vakkert!

Terning 5

- Helgeland arbeiderblad

  • Stødig samling av fine melodier og tekster

- terning 5

Gubrandsdølen

  • Solid samling!

- Trønderavisa

 


KONSERTKALENDAR

NYHENDE